"Evig liv" er tekster som har blitt musikk, videoar, ei bok og ei forestilling. 

Musikken med låtbiografi, lydfiler, tekster og videoar finn du nedanfor. 

Ei bok kjem truleg. Her kan du få ein smakebit på pdf eller som flipbok 

Eg kan opplevast på ekte og det kan sjå omlag slik ut live 

Kjetil Aarseth   
(+47) 90 56 24 44   
kjetilaarseth@gmail.com

Evig liv

Tittelsporet på albumet. Det er ei slags familiehistorie som er djupt personlig, for den handlar om meg og mine, dei som kom før og dei som kjem etter. Eg kjenner stadig oftere at sirkelen er slutta at alt har ei meining og at alt heng saman med alt. I videoen gir eg dykk eit kikhol inn i livshistoria til familiane Aarseth og Vartdal frå 60-talet og framover. Det er lenge sidan eg skreiv teksta. Talet på oldebarn etter mormora mi ikkje stemmer lenger. Og i teksta er ho i live sjølv om ho gjekk ut av tida for mange år sidan. Eg likar at ho lever vidare på både denne og på andre måtar, noko som også er litt av bodskapet i songane og albumet som eit heile. Videoen er laga med skanna dias og gammal 8mm-film. 

Steinvaagen

Her blir DS Iris, som vart brukt av okkupasjonsmakta,  skoten i fillebitar av allierte styrkar i Steinvågen i Ålesund. 17. mars 1945. Under to månader igjen. Då eg såg bildet første gongen, såg eg føre korleis det var å være ombord. Den framande makt. Men berre eit menneske likevel. Så ung. Så redd. Så skreiv eg ei tekst. Innspelinga er frå 22. februar 2022, berre to dagar før nye krigshandlingar på europeisk jord. Teksta handlar om ein dag i mars 1945, men er dessverre aktuell framleis. Videoen som er laga til låta har med eit originalfoto av DS Iris idet skipet blir beskutt, samt animasjonar laga av meg sjølv.

Volvo på Ringebu

Ein dag i 2012 eller 2013 stoppa eg min trufaste slitar, Opelen, på Ringebu for ein kaffi. Utanfor vegkroa sat ein gammal mann i ein ny Volvo og såg frykteleg trist ut. Så begynte eg å dikte han eit liv, frå han var baby i foreldra sin PV, via ein Amazon som ung mann, til nyare variantar og mot slutten av livet då eg traff han. Dette var den første teksta eg nokon gong turte å tenke melodi på. Og slik vart det. Videoen som er laga til låta er utelukkande satt saman av dias som er skanna frå samlinga til foreldra mine. 

Alt du veit er feil

Låta vart til fort og gale. Opprinneleg var det ei låt som eg skreiv og song til Taakemannane sitt album frå 2014. Så vart den sunge som blueslåt av meg i mitt eige førtiårslag kompa på kassegitar, som eit slags stikk til dei unge bedrevitarane i selskapet.  Låta er eit uhøgtidleg og lettliva kvileskjær mellom alt det tunge på plata. Som ein venn sa: “Det var jammen lurt å smette den inn akkurat der”. Han var alvorleg tynga og grublande etter dei første låtane.  Videoen kjem ein gong i løpet av sommaren eller hausten 2022. 

Tenåringsdotter

15. oktober 2013, skreiv eg teksta som seinare skulle få ein melodi i frokostsalen på eit hotell i Oslo. Eg skreiv teksta på ein smarttelefon og posta den på Facebook. Så gjekk eg inn i eit heildagsseminar og ante fred og ingen fare. På kvelden då eg logga meg på hadde teksta tatt av med delingar, likingar og kommentarar. Her var ei lita historie skrive i all hast funne gjenklang hos mange. Det var første gongen eg kjente at eg verkeleg var inne på noko i “det store i det lille”-konseptet mitt, som vonaleg kjenneteiknar heile plata. 

Fergemann

31. august 2014 skreiv eg mi første tekst basert på følgande premiss: Skriv noko fint medan du ventar på ferga eller medan du ventar i ferga eller begge deler. Knapp tid, men nokon av oss jobbar best under press. Ein vellukka og overraskande mangfaldig sjanger som truleg berre eg driv med. Historia er sann og skrive i sanntid på veg over Sognefjorden. Ein seinsommardag i 2019 gjorde eg videoopptak på samme distansen. Den 22. februar 2022 spelte eg inn låta. Så brukte eg dette materialet nettopp til å lage videoen. 2014, 2019, så 2022 der altså. Ein ferge har ei rute å halde, men eg tek meg den tida eg treng.


Sove no

Eg har vore gjennom alle dei gamle og kjente vuggevisene både som barn sjølv og som forsongar for jentene mine. Dei er gjerne laga for femti, seksti eller hundre år sidan.  Eg tok det som ei utfordring og ville prøve å lage ei ny vuggevise men strengt innanfor sjangeren sine oppskrifter i banalitet både i tekst og melodi. Denne testa eg ut i fleire år med hell mot døtrene mine, før eg la til siste verset der ikkje berre søvnen, men den evige søvnen er berørt. Mi yngste dotter begynte så å gråte. Så spurte eg ho kvifor: “Eg kom på at eg ein gong skal dø”. Father of the year, der altså. Det var trist og fint på ein gong.